Losjehelg i losje Balder

Lørdag 4. mars 2023 stilte 25 losjebrør frå losjane Malus, Mithras og Balder, samt Storlosje Bjørgvin, til losjehelg i Losje Balder sine losjelokale på Sognefjord hotell, Knausen. Våre respektive var også inviterte til losjehelg på Hermansverk. 

Losjehelga starta med eit ekstra Old Erk møte for å ta opp 3 brør frå Losje Balder til Old Erk graden. For damene vart det arrangert lunsj og omvising på Villmarka, som er eigd og bygd av Per Steinar Melås. Villmarka representerer ein livslang draum som han så gjerne vil dele med andre. Eit langt jaktliv, god drikke og ikkje minst hjelpearbeidet for foreldrelause born i Afrika.   

Dei tre nye Old Erkane frå Losje Balder saman med embetsmennene i Storlosje Bjørgvin. 

Bak frå venstre: SCM Otto Teigland, SV Lars Olav Prestegård, SBibl Kjell Dagfinn Berg, SSKR William Jensen, SEE Birger Aga, SOE Arne Birger Garen, SME Alfred Haukeland og SCM Stig Johnny Buvik

Framme frå venstre: Bibl. Odd Olsen, ME Bjørn Valvik og EE Ole Ingar H. Hæreid 

Old Erk møtet vart etterfølgd av besøkslosje der Storlosje Bjørgvin hadde installasjon av ny embetsleiing i Losje Balder. Her er vi stabile. Ingen utskifting av medlemmane i embetsleiinga.

Det nye embetskollegiet i Losje Balder. (Foto: Finn Loftesnes)

Bak frå venstre: IV Odd Gjerde, SKM Knut Eggum, SKR Jan Kåre Duesund og CM Jørgen Ulrik Berg.

Foran frå venstre: BIBL. Odd Olsen, TjOE Rune Karlsen, EE Ole Ingar H. Hæreid og ME Bjørn Valvik.

Losjehelga vart avslutta med festmiddag på Sognefjord hotell, Knausen. Til festmiddagen deltok også våre respektive.

Tekst: OE Ole Ingard Hagen Hæreid, EE Balder

Foto: OE William Jensen, SSkr Bjørgvin